Alnes Active, ditt eventyr starter her.

English version

 
 
 
IMG_3823-Edit.jpg
 

Om Alnes

Alnes er ei idyllisk, lita bygd som ligg på nordsida av øya, Godøya. Alnes er bygd av «fiskarbonden», han som hadde småbruk men som likevel hadde si hovudnæring på havet. Det bur omkring 200 menneske på Alnes i dag. Det mest ikoniske med Alnes er fyret. Folk kjem frå alle kantar av verda for å sjå og oppleve Alnes fyr.

Vakkert og variert turterreng i fjell og fjøre med utsikt mot storhavet. Ein ser også flotte rullesteinstrender og ei sandstrand der bading og surfing er svært populært. Ei fantastisk sjarmerande øy med flotte mennesker. Her kan du også oppleve det nye bygget “Alnes fyr og opplevelsessenter” og no også eit utval aktivitetar hos Alnes Active.

No i startfasen tilbyr vi eit utleige av syklar, kajakkar og SUP. I tillegg har vi nokre el-sparkesyklar og ein båt med påhengsmotor. Vi håper at vi med tida kan ha enda fleire spanande aktivitetar og opplevingar å tilby våre besøkande, men alt må starte ein plass. 

Kom å opplev Alnes!

 
 

Klar for ditt neste eventyr?

 
DSC07442.jpg